Om å stadfeste at flyttinga av landbruksutdanningstilbodet ved Høgskulen i Telemark, avdeling Bø, til skogskolen i Kongsberg er midlertidig
Datert: 12.03.1998 Svart på: 18.03.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun
Sigvald Oppebøen Hansen (A): Høgskulen i Telemark, avdeling i Bø, har i fleire år hatt eit samarbeid med Noregs landbrukshøgskole om landbruksutdanning. Som ein midlertidig ordning for eitt år er dette tilbodet overflytta til skogskolen i Kongsberg.Kan statsråden stadfeste om dette er meint å vere ein midlertidig ordning, eller er det slik å forstå at flyttinga vil bli permanent?