Spørjetimespørsmål fra Astrid Marie Nistad (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Om å sikre undervisninga av lækjarstudentar ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, eit pilotprosjekt i samarbeid med fylkeskommunen og Universitetet i Bergen

Datert: 20.03.1998
Svart på: 25.03.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Astrid Marie Nistad (A)

Spørsmål

Astrid Marie Nistad (A): 11. mars 1998 markerte Sogn og Fjordane fylkeskommune oppstartinga av undervisning av lækjarstudentar ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Eit pilotprosjekt i samarbeid med Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Etter budsjettkuttet på 3 % ved Det medisinske fakultet er pilotprosjektet i Sogn og Fjordane alt truga med nedlegging før det faktisk starta opp.
Kva vil statsråden gjere for å sikre den noverande undervisninga for lækjarstudentane?


Les heile debatten