Spørjetimespørsmål fra Ingvald Godal (H) til justisministeren

Om at forhørsretten sette fri ein 24-åring som hadde overfalt og mishandla ein 90-åring i Skien sterkt, då det ikkje skal vera fare for gjentaking

Datert: 11.11.1998
Svart på: 18.11.1998 av justisminister Aud-Inger Aure

Ingvald Godal (H)

Spørsmål

Ingvald Godal (H): 2. november 1998 blei ein 90 år gamal mann i Skien overfalt og sterkt mishandla av ein berusa 24-åring. Tysdag 3. november 1998 blei han framstilt for forhørsretten og sett fri fordi det etter det som vart sagt ikkje skal vera fare for gjentagelse. Folks reaksjonar er svært sterke.
Kva vil statsråden gjera for å bringe rettspraksis meir i samsvar med folks rettskjensle på dette området?


Les heile debatten