Spørjetimespørsmål fra Laila Kaland (A) til nærings- og handelsministeren

Om å betre situasjonen for sysselsettinga og ordretilgangen i verftsindustrien

Datert: 20.01.1999
Svart på: 27.01.1999 av nærings- og handelsminister Lars Sponheim

Laila Kaland (A)

Spørsmål

Laila Kaland (A): I ein artikkel i Aftenposten den 19. januar 1999 er situasjonen for sysselsettinga i verftsindustrien og ordretilgangen for 1999 og 2000 omtala. Allereie i andre kvartal i år kan 7000 arbeidsplassar gå tapt. Dette vil ramme heile næringa langs kyst-Noreg og med dramatiske verknader også for andre arbeidsplassar.
Kva vil statsråden gjere for å betre denne situasjonen?


Les heile debatten