Spørjetimespørsmål fra May Britt Vihovde (V) til samferdselsministeren

Om vilkår for å tillata ei bussteneste mellom studentbustader og studiestader i Bergen

Datert: 23.04.1999
Sett fram av: Harald Hove (V)
Svart på: 28.04.1999 av samferdselsminister Dag Jostein Fjærvoll

May Britt Vihovde (V)

Spørsmål

May Britt Vihovde (V): Velferdstinget ved Universitetet og Høgskolen i Bergen ønskjer å setja i gang ei bussteneste mellom studentbustader og studiestader i byen. Slik meiner dei studentane kan få billegare kommunikasjon. Dei har no søkt om å få gjennomføre eit prøveprosjekt i to veker. I prøveperioden vil studentane kjøre vederlagsfritt, seinare vil ein ta betalt.
Korleis ser statsråden på denne bussdrifta, og kva vilkår må fyllast for at ei slik rute kan verta tillaten?


Les heile debatten