Om at det har vorte hevda at nordmenn et blodtrykksenkande blåreseptmedisinar for ein milliard kr i år, utan at desse har særleg dokumenterte effektar
Datert: 19.11.1999 Svart på: 24.11.1999 av helseminister Dagfinn Høybråten
May Britt Vihovde (V): I programmet Puls på NRK mandag 15. november 1999 vart det hevda at nordmenn et blodtrykksenkande medisinar for ein milliard kroner i år, utan at desse medisinane har særleg dokumenterte effektar. Medisinane er stort sett blåreseptmedisinar, og dermed betalt av oss alle.Kva kan statsråden gjera for å få ein praksis som er meir i tråd med kunnskapsbasert medisin?