Spørjetimespørsmål fra Sverre J. Hoddevik (H) til olje- og energiministeren

Om vedtaket om å nedklassifisere driftssentralen for Statkraft sine anlegg i Sogn i Gaupne i Luster til ein dagbemanna sentral med redusert bemanning

Datert: 01.02.2000
Svart på: 09.02.2000 av olje- og energiminister Marit Arnstad

Sverre J. Hoddevik (H)

Spørsmål

Sverre J. Hoddevik (H): I 1984 vedtok Stortinget at driftssentralen for Statkraft sine anlegg i Sogn skulle etablerast i Gaupne i Luster kommune. Konsesjonsvedtaket skulle vere eit "plaster på såret" etter broten lovnad om 300 arbeidsplassar i høve til Leirdølutbygginga i Luster nokre år før. Statkraft har vedteke å nedklassifisere driftssentralen til ein dagbemanna sentral med reduksjon i bemanninga.
Meiner statsråden at ei slik nedbygging i Gaupne i Luster kommune kan forsvarast i høve til vedtaket for Jostedalsutbygginga?


Les heile debatten