Spørjetimespørsmål fra Rita Tveiten (A) til kulturministeren

Om korleis Norsk Tipping sine kommisjonærar vert plukka ut, då pengespeltilbodet kan verka konkurransevridande butikkane imellom

Datert: 03.02.2000
Svart på: 09.02.2000 av kulturminister Åslaug Haga

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Tipping og andre pengespel fungerer i mange tilfelle som eit ekstra tilbod hjå mange lokale handelsmenn. Kundane kombinerer gjerne sine daglegvareinnkjøp med høve til å få utført ulike former for tipping. Slik sett kan pengespeltilbodet verka konkurransevridande butikkane i mellom.
Kva kriterium ligg til grunn og korleis vert kommisjonærane plukka ut og fordelt frå Norsk Tipping si side?


Les heile debatten