Spørjetimespørsmål fra Lodve Solholm (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om at stadig fleire klagar over vedtaket om å gjere selskapsskatten statleg, og at kommunane no bryr seg mindre om næringsutvikling

Datert: 10.02.2000
Svart på: 16.02.2000 av kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen

Lodve Solholm (FrP)

Spørsmål

Lodve Solholm (FrP): I den seinare tid har ein sett og høyrt stadig fleire klage over vedtaket om at selskapsskatten vart gjort statleg. Mange senterpartiordførarar er med i klagekoret. Det siste er at fleire og fleire bedriftseigarar seier dei merker at kommunane bryr seg mindre og mindre om næringsutvikling. Tønsberg kommune sa nyleg nei til 250 arbeidsplassar fordi dei ikkje hadde råd. Grunngjeving: Statleg selskapsskatt.
Kva aktar statsråden å gjere?


Les heile debatten