Spørjetimespørsmål fra May Britt Vihovde (V) til arbeids- og administrasjonsministeren

Om at det nye Statens Hus i Bergen er lite tilgjengeleg for funksjonshemma, og å få Statsbygg til å følgja opp forskrifter om tilgjenge her og i andre bygg

Datert: 05.04.2000
Svart på: 12.04.2000 av arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo

May Britt Vihovde (V)

Spørsmål

May Britt Vihovde (V): Det nye Statens Hus i Bergen er framleis, ein månad etter det vart opna, lite tilgjengeleg for funksjonshemma. Dette gjeld til dømes manglande parkeringsplassar, tilkomst, resepsjonsområde og manglande toalett. Fleire påpeikingar om tilhøva har ikkje ført fram.
Kva vil statsråden gjera for at Statsbygg føl opp forskrifter om tilgjenge her og i andre bygg?


Les heile debatten