Spørjetimespørsmål fra May Britt Vihovde (V) til samferdselsministeren

Om tiltak for at alle rullestolbrukarar skal kunna nytta Gardermobanen

Datert: 31.10.1997
Svart på: 05.11.1997 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

May Britt Vihovde (V)

Spørsmål

May Britt Vihovde (V): Gardermobanen skal bli eit flaggskip i norsk kollektivtrafikk. Men på eit flaggskip må alle få kunne vere med. Difor er det ikkje akseptabelt at 30 pst. av funksjonshemma rullestolbrukarar ikkje får adgang til dei nye togsetta slik rullestolheisane no er tenkt utforma, ifylgje NSB sine eigne tal.
Er samferdselsministeren samd med meg i at dette er uakseptabelt, og kan han i så fall gjere greie for kva tiltak som vert gjennomført for at også alle rullestolbrukarar skal kunne ta toget til den nye flyplassen?


Les heile debatten