Spørjetimespørsmål fra Valgerd Svarstad Haugland (KrF) til samferdselsministeren

Om at det vert reklamert for billig parkering på Gardermoen, samstundes med at Stortinget handsamar framlegget om å ettergi gjeld til NSB Gardermobanen AS

Datert: 18.05.2000
Svart på: 24.05.2000 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Spørsmål

Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Målsettinga for Gardermobanen var opprinneleg ein marknadsandel for tog på 53 pst. av flypassasjerane. I desse dagar handsamar Stortinget Regjeringa sitt framlegg om å ettergi gjeld til NSB Gardermobanen AS på 6-7 mrd. kroner. Samstundes vert det reklamert for billig parkering på Gardermoen. Prisane for parkering har gått vesentleg ned sidan opninga av flyplassen hausten 1998.
Kva vil statsråden gjera for å unngå at andelen som køyrer privatbil aukar og andelen kollektivreisande vert redusert?


Les heile debatten