Spørjetimespørsmål fra May Britt Vihovde (V) til samferdselsministeren

Om at NSB førebur å gjera Finse stasjon ubemanna frå nyttår, og kva statsråden har gjort i denne saka

Datert: 09.11.2000
Svart på: 15.11.2000 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

May Britt Vihovde (V)

Spørsmål

May Britt Vihovde (V): Eg har høyrt at NSB no førebur å gjera Finse stasjon ubemanna frå nyttår. 18. oktober 2000 stilte eg spørsmål om dette i muntleg spørjetime. Eg vil vise til statsrådens svar, der han gjev uttrykk for å dele mi uro, når det gjeld fleire sider ved det å gjera denne spesielle stasjonen ubemanna. Det vart gitt lovnad om at statsråden ville gå djupare inn i problemstillinga rundt Finse.
Kva har statsråden gjort i denne saka?


Les heile debatten