Spørjetimespørsmål fra Rolf Reikvam (SV) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Om at studentar ved masterstudiet i førebyggjande helsearbeid ved Universitetet i Bergen får ettergjeve 23810 kr mindre i studielån enn hovudfagsstudentar

Datert: 09.11.2000
Svart på: 15.11.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Rolf Reikvam (SV)

Spørsmål

Rolf Reikvam (SV): Masterstudiet i førebyggjande helsearbeid ved Universitetet i Bergen er av same lengde, 12 semester, same normering, og har same opptakskrav som eit hovudfagsstudium. Til trass for dette får studentar ved dette studiet ettergjeve 23 810 kroner mindre i studielån enn hovudfagsstudentar.
Vil statsråden ta eit initiativ for å få gjort eit unnatak frå Statens lånekasse for Utdanning sitt regelverk, slik at studentar ved dette studiet får ettergjeve like mykje som hovudfagsstudentar?


Les heile debatten