Spørjetimespørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og familieministeren

Om kvifor barnevernet ikkje tidlegare har gjort noko for situasjonen til dei einslege mindreårige asylsøkjarane som bur i mottak

Datert: 10.11.2000
Svart på: 15.11.2000 av barne- og familieminister Karita Bekkemellem

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): 13 asylmottak i Noreg tek imot barn som kjem åleine for å søkje asyl. I dag er det 316 barn som bur i mottak utan foreldra sine. Gjennom media er vi blitt kjende med at 70 einslege mindreårige asylsøkjarar ikkje hadde fått oppnemnd verge. I forrige veke blei vi informerte om at Redd Barna har meldt frå om alle desse 316 barna som "bekymringssaker" til det lokale barnevernet. Barnevernlova gjeld alle barn i Noreg.
Kvifor har ikkje barnevernet gjort noko for situasjonen til desse barna tidlegare?


Les heile debatten