Spørjetimespørsmål fra Rita Tveiten (A) til justisministeren

Om kor raskt ein kan realisera eit fleiretatleg beredskapssenter ved å bruka Hordaland Sivilforsvarsleir på Espeland

Datert: 16.11.2000
Svart på: 22.11.2000 av justisminister Hanne Harlem

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Ulykkesrapportar syner at me har store utfordringar innan tryggleiks- og beredskapsarbeid. Samordning av opplæring og øving for ulikt personell er eit av forbetringspunkta. Hordaland Sivilforsvarsleir på Espeland skal brukast som eit fleiretatleg beredskapssenter der kompetanse innan politi, helse, brannvern, sivilforsvar, akutt forureining og generell krisehandtering får plass. Utgifter knytt til etablering og drift av senteret vert dekka av leigeinntekter.
Kor raskt kan senteret realiserast?


Les heile debatten