Spørjetimespørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til miljøvernministeren

Om å vurdera på ny deltaking frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom i den norske delegasjonen til klimaforhandlingane i Kyoto

Datert: 12.11.1997
Svart på: 19.11.1997 av miljøvernminister Guro Fjellanger

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Naturvernforbundet og Natur og Ungdom får ikkje delta i den norske delegasjonen i Kyoto. Norge har vore ein pådrivar i arbeidet med å sikre at frivillige organisasjonar (NGO) skal få delta i internasjonale miljøforhandlingar. Fleire land har desse organisasjonane med til klimaforhandlingane i Kyoto. Den nye Regjeringa har sagt at ho legg stor vekt på det viktige arbeidet dei frivillige organisasjonane gjer.
Vil statsråden vurdere deltaking i den norske delegasjonen i Kyoto på ny?


Les heile debatten