Spørjetimespørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og familieministeren

Om å imøtekomme det store behovet for samlivstiltak, då samlivsbrot vedkjem mange born

Datert: 16.11.2000
Svart på: 29.11.2000 av barne- og familieminister Karita Bekkemellem

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Samlivsbrot vedkjem mange born. Over halvparten av ektepara som blei skilt i 1999 hadde born under 18 år. Totalt dreidde det seg om 9 000 born. I tillegg kjem dei borna som hadde sambuande foreldre. På denne bakgrunn synes behovet for samlivstiltak stort. Det synes som om det er blitt meir allment akseptert å søke hjelp også for problem som dreier seg om familiens indre liv, før problema har blitt for store.
Kva vil statsråden gjere for å imøtekomme behovet for å førebygge og gi hjelp når problema oppstår?


Les heile debatten