Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Om å nytta meir av "sjukehusmilliarden" i Noreg, då oppseiing av 175 personar vert drøfta ved Sentralsjukehuset i Rogaland, samstundes som ein kan klargjera pasientar for utanlandsbehandling

Datert: 12.01.2001
Svart på: 17.01.2001 av helseminister Tore Tønne

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Sentralsjukehuset i Rogaland drøftar no på grunn av budsjettsituasjonen redusert aktivitet. Eit av forslaga ein skal ta stilling til er oppseiing av 175 personar. Dette skjer samstundes som det er tilbod om å klargjera pasientar for behandling i utlandet med dei meiroppgåver som fylgjer med det.
Vil statsråden av omsyn til pasientane, pårørande og tilsette, og for å få mest mogleg behandling ut av "sjukehusmilliarden", ta initiativ til ein dialog slik at meir av ekstramidlane kan nyttast i Noreg?


Les heile debatten