Spørjetimespørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til olje- og energiministeren

Om kvifor Regjeringa ikkje prioriterer miljøvenlege saltkraftverk, men gjev m.a. statlege selskap løyve til å bygga lite energieffektive og sterkt forureinande gasskraftverk

Datert: 18.01.2001
Svart på: 24.01.2001 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Det kan bli bygd saltkraftverk på Sunndalsøra om få år. Forskarar seier at denne energikjelda kan auke norsk produksjon av kraft med frå 50 til 100 TWh. Regjeringa prioriterer ikkje dette alternativet, men gjev mellom anna statlege selskap løyve til å byggje fleire lite energieffektive og sterkt forureinande gasskraftverk.
Kva er årsaka til at Regjeringa styrer eller let seg styre av dei alternativa som aukar utsleppa av klimagassar, når ho kjenner til potensialet til dei miljøvenlege alternativa?


Les heile debatten