Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Om opphaldsløyve i Noreg for kvinner som er forfølgde og mishandla, etter retningslinjene frå 1998

Datert: 16.02.2001
Svart på: 21.02.2001 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kvinner som er forfølgde og mishandla skal etter retningslinjer frå 1998 kunne få opphaldsløyve i Noreg. I Dagsavisen 15. februar 2001 kjem det fram at det til no ikkje er gjeve løyve til opphald til nokon kvinner etter desse reglane, sjølv om det openbart er fleire døme på at denne regelen kunne vore teken i bruk.
Kva vil statsråden gjere for at kvinnelege valdsoffer utan norsk statsborgarskap får det vernet dei har krav på etter retningslinjene frå 1998?


Les heile debatten