Spørjetimespørsmål fra May Britt Vihovde (V) til samferdselsministeren

Om auken i attståande bilar i ferjesambandet Sunde-Ranavik-Leirvik i Sunnhordland, og at det bør vera rom for å setja inn materiell som gir større kapasitet

Datert: 26.04.2001
Svart på: 02.05.2001 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

May Britt Vihovde (V)

Spørsmål

May Britt Vihovde (V): Ferjesambandet Sunde-Ranavik-Leirvik i Sunnhordland har hatt ein dramatisk auke i attståande bilar. Den 25. april var det totalt 70 attståande bilar. Både Trekantsambandet og opning av Folgefonntunnelen vil gje enda større vekst på dette sambandet. HSD har anbudskontrakt som gjeld for eitt år om gongen.
Er statsråden einig med meg i at det bør vere rom for fleksibilitet, slik at selskapet kan setje inn materiell som gir større kapasitet dersom trafikkutviklinga tilseier dette?


Les heile debatten