Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Om å sikra at Utlendingsnemnda fungerer etter intensjonen, som var å tilretteleggja for ei grundigare sakshandsaming og styrkja rettstryggleiken ved ankesaker

Datert: 14.12.2001
Svart på: 16.01.2002 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Grunngjevinga for å oppretta det domstolliknande organet Utlendingsnemnda var å tilretteleggje for ei grundigare sakshandsaming og å styrkja rettstryggleiken ved ankesaker. Lekfolk, mellom anna, med erfaring frå humanitære organisasjonar, vart oppnemnde som nemndmedlemmer. Asylsøkjarar skulle ha høve til personleg frammøte for å supplere skriftlege opplysningar.
Kva vil statsråden føreta seg for å sikre at nemnda fungerer etter intensjonen?


Les heile debatten