Spørjetimespørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utenriksministeren

Datert: 14.03.2002
Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Folkets Hus i Nablus og Palestinian Central Bureau of Statistics er begge eksemplar på norsk støtta infrastruktur på palestinsk jord som er blitt øydelagt av israelske angrep siste månadene. Landsorganisasjonen og Statistisk sentralbyrå i Noreg har ved sine øvste leiarar protestert og bedt om forklaring.
Kva for tiltak har Noreg sett i verk for å utgreie kva som har skjedd, og på korleis måte har ein protestert og fordømt desse handlingane overfor Israel?


Les heile debatten