Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til finansministeren

Datert: 04.04.2002
Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ved Stavanger lufthavn, Sola, var det ikkje tollarar til stades i heile påska. Heller ikkje ved danskeferja i Egersund vart det utført kontrollar. Sør-Rogaland Tollerforening melder om redusert budsjett og dermed redusert høve til kontroll med t.d. tilgangen på narkotika. I mange kommunar er det ein forsterka innsats for å redusera dei enorme samfunnsproblema som følgjer av narkotikamisbruk.
Vil statsråden ta initiativ til å sikra større høve til kontroll med tilgangen av narkotika?


Les heile debatten