Spørjetimespørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utenriksministeren

Om kva Regjeringa vil gjere for at FNs toppmøte om berekraftig utvikling i Johannesburg får fram ein reell handlingsplan

Datert: 18.04.2002
Svart på: 24.04.2002 av utenriksminister Jan Petersen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): FNs toppmøte om berekraftig utvikling i Johannesburg har et utkast til sluttdokument som ikkje er ein reell handlingsplan fordi det i liten grad inneheld viktige element som mål, tidsrammer, tiltak, ressurser og institusjonelle gjennomførings- og overvakingsmekanismar. Det er slått fast at Agenda 21 med sine konkrete mål ikkje er gjennomført.
Kva vil Regjeringa gjere for at toppmøtet får fram ein reell handlingsplan?


Les heile debatten