Spørjetimespørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til finansministeren

Om å foreslå avgiftskutt på tilnærma svovelfri bensin som sikrar at han ikkje vert dyrare for forbrukaren enn det tilsvarande drivstoff kostar i dag

Datert: 23.05.2002
Svart på: 29.05.2002 av finansminister Per-Kristian Foss

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): I delar av EU vil det allereie frå vinteren 2003 bli introdusert nye og tilnærma svovelfrie miljødrivstoff. Statoil og Shell investerer no tungt på Mongstadraffineriet for å kunne produsere bensin etter desse krava allereie frå vinteren 2003. Denne miljøvenlege bensinen kostar imidlertid 12-15 øre meir pr. liter å produsere.
Vil statsråden i budsjettet for 2003 foreslå nødvendige avgiftskutt som sikrar at denne bensinen ikkje vert dyrare for forbrukaren enn det tilsvarande drivstoff kostar i dag?


Les heile debatten