Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

Om korfor statsråden er usamd i fiskeridirektøren si uttaling om at dei føreslåtte driftsordningane i kystflåten inneber omsetjelege kvotar

Datert: 31.10.2002
Svart på: 06.11.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Åsa Elvik (SV)

Spørsmål

Åsa Elvik (SV): Fiskeridirektøren uttaler i høyringsfråsegna si til dei føreslåtte driftsordningane i kystflåten at desse "vil i praksis kunne fungere som omsettelige kvoter ... Innføring av omsettelige kvoter i en eller annen form vil kunne ha utilsiktede konsekvenser både geografisk og med hensyn til flåtestruktur". Fiskeriministeren avviser i eit intervju med Bladet Vesterålen den 10. august at forslaget inneber omsettelege kvotar.
Korfor er statsråden og fiskeridirektøren usamde om dette?


Les heile debatten