Spørjetimespørsmål fra Ragna Flotve (SV) til landbruksministeren

Om å hindra uheldige utslag for norsk fruktproduksjon som følgje av at EU får ein auke i tollfri kvote

Datert: 23.01.2003
Svart på: 29.01.2003 av landbruksminister Lars Sponheim

Ragna Flotve (SV)

Spørsmål

Ragna Flotve (SV): Produksjon av eple er ei viktig næring for mange distrikt. Spesielt er denne delen av fruktdyrkinga viktig for Hardanger, Sogn og deler av Telemark. I eit vanleg avlingsår vert det omsett 8 - 9 000 tonn klasse 1 eple. Resultatet av EU/EØS-tingingane føre jul 2002, syner at EU får ein auke i tollfri kvote på 2 000 tonn frå 1. mai - 30. juli. Dette vil gje eit sterkt press på norsk produksjon.
Kva vil statsråden gjera for å hindra uheldige utslag for norsk fruktproduksjon, som fylgje av denne avtala?


Les heile debatten