Spørjetimespørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til samferdselsministeren

Om å revurdere eigenkapitalkravet i konkurransen om drifts- og vedlikehaldet av veg, då dette medfører at små og mellomstore bedrifter blir ekskluderte frå å delta

Datert: 08.05.2003
Svart på: 14.05.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): 1. januar i år blei delar av drifts- og vedlikehaldet av veg satt ut på anbod. Kontraktane går over ein periode på 4 år og kan ha ei kostnadsramme på 35-90 mill. kr. For at private bedrifter skal kunne delta i denne konkurransen, er det fastsett eit eigenkapitalkrav på 10 pst. av den totale kontraktsum. Dette eigenkapitalkravet kjem i tillegg til bankgaranti, og medfører at dei fleste små og mellomstore bedrifter blir ekskludert frå å delta i denne konkurransen.
Vil statsråden revurdere dette kravet?


Les heile debatten