Om at det på nytt er uro om Evjemoens framtid, sjølv om Stortinget har vedteke at m.a. HV-utdanninga skal skje der
Datert: 12.02.1998 Svart på: 18.02.1998 av forsvarsminister Dag Jostein Fjærvoll
Ingvald Godal (H): Det er av fleire grunnar viktig å ha ein viss forsvarsaktivitet i dei forskjellige delane av landet. I sør er det mest berre Evjemoen att. Stortinget har vedteke at mellom anna HV-utdanninga skal skje der. Likevel er det på nytt uro om Evjemoens framtid. Denne kontinuerlege uroa om framtida er svært uheldig. Kva er statsråden sine planar for Evjemoen?