Spørjetimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til samferdselsministeren

Om konsesjon til dansk ferjerederi på strekninga Bergen-Stavanger, og om norske innanriksferjer no vil bli utsette for konkurranse frå utanlandske selskap med utanlandske arbeidsvilkår

Datert: 06.11.2003
Svart på: 12.11.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Samferdselsdepartementet har gitt ferjekonsesjon til den danske Mols-linjen på strekninga Bergen-Stavanger. Det er fyrste gong eit utanlandsk selskap får konsesjon for ei innanlandsk ferjestrekning. Danmark har innført nettolønn for alle sjøfolk, noko som gir langt lågare kostnadar enn det norske ferjerederi har.
Vil alle norske innanriksferjer no bli utsett for konkurranse frå utanlandske selskap med utanlandske arbeidsvilkår?


Les heile debatten