Om å unngå ytterlegare tap av marknadsdelar og arbeidsplassar i fiskerinæringa, på bakgrunn av at fleire byggjer ned aktiviteten i Noreg for å etablera seg innafor EU
Datert: 05.02.2004 Svart på: 25.02.2004 av fiskeriminister Svein Ludvigsen
Rita Tveiten (A): Den siste tida har me sett fleire døme på at norsk fiskeindustri bygger ned aktiviteten i Noreg for å etablera seg innafor EU. Norsk oppdrettsnæring lever med stadige antidumpingstruslar. Den utvida EØS-avtalen som trer i kraft 1. mai gir toll på fiskeriprodukt til 10 nye land. Kva vil Regjeringa gjera for å unngå ytterlegare tap av marknadsdelar og arbeidsplassar i denne næringa?