Spørjetimespørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til samferdselsministeren

Om tryggleiken i tunnelane i Sogn og Fjordane, etter at Vegvesenet har gjort vedtak om å flytte overvaking/styring på nattetid til Bergen

Datert: 14.10.2004
Svart på: 27.10.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Statens vegvesen sa tidlegare i år opp avtalen med Alarmsentralen 110 om overvaking av tunnelane i Sogn og Fjordane, og flytta den til Lærdal. Statsråden hevda at dette ikkje ville gå ut over tryggleiken, då det var ein døgnbemanna vaktsentral i Lærdal som tok over overvakinga. Ni månader seinare har no Vegvesenet gjort vedtak om å legge ned den same døgnbemanninga, og flytte all overvaking/styring på nattetid til Bergen frå 1. april 2005.
Korleis vurderer statsråden no tryggleiken i tunnelane i Sogn og Fjordane?


Les heile debatten