Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til landbruks- og matministeren

Om at manglande avtalar om veterinær vaktberedskap medfører uro og uakseptable naudsituasjonar, og kva statsråden føretek seg for å sikra tilfredsstillande ordningar

Datert: 06.01.2005
Svart på: 12.01.2005 av landbruks- og matminister Lars Sponheim

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Manglande avtalar om veterinær vaktberedskap medfører no uro og uakseptable naudsituasjonar i mange lokalsamfunn.
Kva føretek statsråden seg med bakgrunn i gjeldande lovverk for å sikra tilfredsstillande vaktordningar både akutt og på lengre sikt?


Les heile debatten