Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om å medverka til at fleire kommunar får del i erfaringane frå Pårørendesenteret i Stavanger, gjennom utarbeiding av ein modell som kan møta pårørande utover det behandlingsinstitusjonane har høve til

Datert: 13.01.2005
Svart på: 19.01.2005 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Pårørendesenteret i Stavanger vert etter eit fireårig prøveprosjekt vidareført som ei stifting med både offentlege og private eigarar. Senteret har erfaringar og kompetanse som bør passa godt inn i Regjeringa si varsla tenking. Senteret bør difor stimulerast til å systematisera erfaringane sine gjennom utarbeiding av ein modell som kan møta pårørande innan rus, psykiatri og speleavhengigheit utover det behandlingsinstitusjonane har høve til.
Vil statsråden medverka til at fleire kommunar får del i desse erfaringane?


Les heile debatten