Spørjetimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om å hindra eit vedtak om å fjerna planlagde hjerneoperasjonar frå Stavanger universitetssjukehus

Datert: 10.03.2005
Svart på: 16.03.2005 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Styret i Helse Vest skal komande veke ta stilling til forslag om å fjerna planlagde hjerneoperasjonar frå Stavanger Universitetssjukehus (SUS). Forslaget vekkjer svært sterke reaksjonar. Det inneber reduksjon av verdfull kompetanse i ei tid der ein på grunn av universitetsfunksjonen skulle ha all grunn til å forventa styrking. I sin verste konsekvens kan forslaget medføra at Stavanger heller ikkje har nevrokirurgisk kompetanse til akutte, livreddande tiltak.
Kva vil statsråden gjere for å hindra eit slikt vedtak?


Les heile debatten