Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til helse- og omsorgsministeren

Om årsaka til at statsråden greip inn og fekk styret til å gjera vedtak om å splitta opp det nevrokirurgiske tilbodet i Helse Vest i Bergen og Stavanger, i strid med dei faglege råda

Datert: 12.05.2005
Svart på: 25.05.2005 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Nevrokirurgi er eit høgspesialisert fag, ofte kompliserte og risikable inngrep. Kirurgane treng trening, og det er semje om at ein treng eit befolkningsgrunnlag på ca. 1 million innbyggjarar for å ivareta nok trening og kvalitet på behandlinga. I Helse Vest er det nevrokirurgiske tilbodet splitta opp - i Bergen og Stavanger. Dei faglege råda var at planlagde hjerneoperasjonar berre skulle utførast i Bergen.
Kva er årsaka til at statsråden greip inn og fekk styret til å gjera vedtak i strid dette rådet?


Les heile debatten