Spørjetimespørsmål fra Gunn Berit Gjerde (V) til fiskeri- og kystministeren

Om å ivareta fiskeriinteressene på Mørekysten i samband med tildelingane i 19. konsesjonsrunde

Datert: 17.11.2005
Svart på: 23.11.2005 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Gunn Berit Gjerde (V)

Spørsmål

Gunn Berit Gjerde (V): Det har vore svært lite fokus på Mørekysten når det gjeld konflikt mellom oljeinteresser og fiskeri- og miljøinteresser i samband med den 19. konsesjonsrunde. Dette er dei viktigaste yngle- og oppvekstområda for fleire fiskeslag, mellom anna torsk og sild. Det er også venta store brukskonfliktar mellom fiske- og oljeinteresser i samband med oljeleiting i dette området.
Kva vil statsråden gjere for å ivareta fiskeriinteressene på Mørekysten i samband med tildelingane i 19. konsesjonsrunde?


Les heile debatten