Spørjetimespørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til helse- og omsorgsministeren

Om korleis ein vil løyse problemet med at sjuke og pleietrengande eldre vert skrivne raskare ut frå sjukehus og får meir behandling i kommunane

Datert: 26.01.2006
Svart på: 01.02.2006 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Wisløff-utvalet si innstilling "Fra stykkevis til helt" og høyringssvara til denne vert no gått gjennom i departementet. I analysa vert det peika på svikt i samhandlinga og at det gjeld alle typar pasientar og i alle overgangar. Me veit at sjuke og pleietrengande eldre vert skrivne raskare ut frå sjukehus og får meir behandling i kommunane. Resultatet er aukande faglege og komplekse utfordringar og eit tenestetilbod under sterkt press.
Korleis vil statsråden løysa dette problemet?


Les heile debatten