Om å skaffe fleire togsett til Jærbanen der kapasiteten er sprengt
Datert: 28.11.1996 Svart på: 04.12.1996 av samferdselsminister Sissel Rønbeck
Unn Aarrestad (Sp): "Passasjertrafikken på Jærbanen har hatt ein svært sterk auke dei siste åra. Nå er kapasiteten så sterkt utnytta at mange passasjerar ikkje får plass på toget og må ta seg fram på annan måte. Samstundes har det vore vanskeleg å få tak i ekstra togsett for å fylgja opp det som kunne vorte ei god utvikling med at fleire brukar tog.Kva vil statsråden gjera for å skaffa fleire togsett til Jærbanen?"