Munnleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til statsministeren

Om ikkje det er på tide at også det norske folk får glede av overskotet ein får på statsbudsjettet med dagens oljepris, og at ein kan bruke nokre av desse pengane til å redusere skattar og avgifter

Datert: 27.02.2008
Svart på: 27.02.2008 av statsminister Jens Stoltenberg

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Aldri tidlegare har den norske staten vore så rik som staten er no. Dersom dagens oljepris held seg, vil vi kunne forvente å få eit overskott på bort imot ufattelege 500 milliardar kr på statsbudsjettet for inneverande år, noko som tilsvarer 100 000 kr pr. innbyggjar.
Men samtidig som staten blir rikare og rikare, merkar ikkje folk flest noko spesielt mykje til denne rikdommen. Folk flest merkar sjølvsagt at prisane på bensin og diesel stig, folk flest merkar at skattar og avgifter går opp, folk flest merkar at renta går opp, folk flest registrerer problema i helsesektoren og auking i helsekøane, folk flest registrerer problema i kommunane, og dei registrerer at skulane forfell, kyrkjene forfell og vegane forfell. Då er poenget dette: Når vi no ligg an til kanskje å få bort imot 150 milliardar kr meir i overskott enn det vi har budsjettert med på inneverande års budsjett, er det ikkje då på tide at også det norske folk, folk flest, får glede av desse pengane, og at ein kan bruke nokre av desse pengane til å redusere skattar og avgifter, f.eks. redusere avgiftene på bensin og diesel, redusere bilavgifta, redusere køane i helsesektoren og byggje litt betre vegar? Eller meiner statsministeren framleis at absolutt alt, uansett kor mange ekstra milliardar vi får inn i overskott, skal sparast til framtidige generasjonar? Er det ikkje på tide at også dei som lever i dag, dei som er gamle, dei som er sjuke, også kan få ta del i denne rikdommen og nyte nokre av desse ekstra inntektene som staten heilt uventa har fått?


Les heile debatten