Spørjetimespørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Om det er i tråd med regjeringa sitt ønskje om eit desentralisert helsetilbod at Helse Vest føreslår å leggje ned helse- og fødetilbod i Helse Førde-området

Datert: 23.11.2010
Svart på: 01.12.2010 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Som statsråden er kjend med har administrasjonen i Helse Vest no lagt fram innstillinga om framtidig helse- og fødetilbod i Helse Førde-området. Dei føreslår no å legge ned det gode ortopeditilbodet som er på Nordfjordeid. Dei skal ikkje ha laboratorievakt på natt, og fødeavdelingane i Lærdal og på Nordfjordeid vert lagt ned.
Er dette i tråd med statsråden og regjeringa sitt ønskje om eit desentralisert helsetilbod i eit fylke med vanskelige geografiske og klimatiske forhold?


Les heile debatten