Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til arbeidsministeren

Om å bli med på en nasjonal dugnad mot fattigdom, med henvisning til forslag om statlig minstenorm, flere arbeidsmarkedstiltak, stans i anbudsutsetting av rusmisbrukere og eldre og økt engangsstønad til unge mødre

Datert: 02.02.2011
Svart på: 02.02.2011 av arbeidsminister Hanne Inger Bjurstrøm

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Talet på fattige barn i Noreg har auka med 50 000 dei siste fem åra, og 100 000 barn lever no under fattigdomsgrensa ifølgje Fafo. Det står 4 000 personar i kø for å få rusbehandling, mens regjeringa samtidig legg ned behandlingsplassar hos Frelsesarmeen og andre frivillige organisasjonar. Det står over 277 000 personar i helsekø – ein auke på 14 000 personar berre det siste året. Talet på bustadlause har auka dei siste åra. Køen innan psykiatri har auka dei siste åra. Og talet på funksjonshemma utan jobb har dessverre også auka dei siste åra. Oppsummert kan me seie at svært mange av oss har fått det mykje betre, men den delen som fell utanfor, aukar òg. Mens regjeringa somlar med å innføre viktige tiltak, blir det endå fleire fattige i landet vårt.
Det er svært alvorleg at det er stadig fleire barn som veks opp utan å ha same moglegheiter som andre barn. Det er barn som ikkje kan gå i bursdag fordi dei ikkje har råd til gåve, eller som ikkje kan delta på skidag fordi dei ikkje har ski. Fattigdom er jobb nr. 1, Arbeidarpartiet skal bli tydelegare i kampen mot fattigdom og halde fast ved målet om å utrydde fattigdomen i Noreg, sa Helga Pedersen til Dagsavisen i 2008.
Kristeleg Folkeparti har teke til orde for ein nasjonal dugnad mot fattigdom. Me har foreslått elleve konkrete og målretta tiltak. Det er statleg minstenorm, det er fleire arbeidsmarknadstiltak, det er stans i anbodsutsetjing av rusmisbrukarar og eldre, og det er auka eingangsstønad til unge mødrer.
Mitt spørsmål til statsråden er: Vil Arbeidarpartiet og regjeringa bli med på denne dugnaden, eller opplever dei at me er inne i ein god stim når det gjeld å kjempe mot fattigdomen i Noreg?


Les heile debatten