Munnleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Om å sikre at kommunene også i fremtiden blir i stand til å yte gode tjenester til innbyggerne, selv om en markant renteoppgang vil føre til økte kostnader

Datert: 09.02.2011
Svart på: 09.02.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Robuste, effektive og gode kommunar er heilt avgjerande for at innbyggjarane skal få utført dei velverdstenestene – dei grunnleggjande velferdstenestene – som dei har krav og behov for. Samstundes, når vi altså ser at staten blir rikare og rikare og pengane renn inn i statskassa, er dessverre situasjonen ein heilt annan ute i Kommune-Noreg. Mange kommunar slit dessverre med å få økonomien i balanse. Stadig får vi tilbakemeldingar på at kommunane grunna dårleg økonomi kjem til kort når det gjeld vedlikehald, og også når det gjeld å gi grunnleggjande velferdstenester. Vi har også fått rapportar og tilbakemeldingar på at enkelte innbyggjarar faktisk også må gå så langt at dei må flytte frå kommune til kommune for å få utført dei tenestene og få tilbod om dei tenestene som dei har eit behov for.
No er det også slik at det nyleg kom nye oppdaterte tall på at gjelda i kommunane veks i rekordtempo. Berre i fjor auka bruttogjelda i Kommune-Noreg med 38 mrd. kr til 296 mrd. kr. Det betyr at sidan Senterpartiet, og sidan den raud-grøne regjeringa overtok og Senterpartiet overtok Kommunaldepartementet, har altså kommunegjelda nesten dobla seg. Det betyr altså at kommunane har større utgifter enn inntekter. Det er klart at det er ikkje noko farbar vei. På eit eller anna tidspunkt kan ikkje det gå lenger.
Då er mitt spørsmål til kommunalministaren: Korleis vil hun sikre at kommunane også i framtida, blir i stand til å levere og til å yte gode tenester til innbyggjarane, sjølv om vi skulle sjå at ein markant renteoppgang vil føre til auka kostnader for kommunane?


Les heile debatten