Om kva statsråden vil foreta seg for å auke talet lærlingplassar i offentleg sektor
Datert: 17.03.2011 Svart på: 23.03.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Åge Starheim (FrP): Ei av dei viktigaste årsakene til det store fråfallet i vidaregåande skule er mangel på lærlingplassar etter avslutta skulegang. Til tross for at det i offentleg sektor er mange tilsette i stillingskategoriar med yrkesfagleg bakgrunn, tek det offentlege inn færre lærlingar enn i privat sektor.Kva vil statsråden foreta seg for å auke talet lærlingplassar i offentleg sektor?