Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til miljø- og utviklingsministeren

Om hvorvidt statsråden kan garantere at satsingen på klima og regnskogsatsingen skal komme i tillegg til det reelle nivået vi har for bistand

Datert: 04.05.2011
Svart på: 04.05.2011 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Kampen for å avgrense skadelege klimaendringar og utrydde absolutt fattigdom er to av vår tids globale utfordringar. Eg vil derfor stille spørsmålet til ein som er blitt gitt eit spesielt ansvar i superklasse, Erik Solheim, som har ansvaret for både miljø og utvikling:
Regjeringa og Kristeleg Folkeparti står i lag om et sterkt norsk engasjement for desse to sakene. Det er om lag ein milliard menneske som lever på rundt 1 dollar kvar dag. Mange manglar reint vatn og lever eit liv med underernæring.
Kristeleg Folkeparti og regjeringa har stått i lag om å trappe opp norsk innsats for utvikling og fattigdomsnedkjemping til om lag 1 pst. av vårt lands brutto nasjonalinntekt. Me har stått i lag om ein forpliktande plan for internasjonalt klima og skogsatsing, ofte kalla regnskogsatsinga. Målet for denne er kort sagt å hindre avskoging og dermed redusere utslepp av klimagassar. Me treng begge desse satsingane både mot klimaendringar og mot fattigdom.
I handlingsplanen frå Bali-toppmøtet i 2007 var dette heilt sentralt. Den auka finansieringa av klimatiltak skulle vere ny og kome i tillegg, og ikkje undergrave satsinga på utviklingssamarbeid. Det same var det i klimaforliket for 2008. Her forsikra regjeringspartia at klimasatsinga skulle kome i tillegg. Rett før påske la regjeringa fram ei ny og spanande stortingsmelding om klima og utvikling. Her er det mykje bra, men det står òg når det gjeld den auka klimasatsinga:
«Opptrappingen vil skje innenfor gjeldende bistandsramme.»
Så for å fjerne kvar tvil vil eg bede statsråd Solheim om ei avklaring: Kan statsråden garantere at satsinga på klima og skogsatsinga skal kome i tillegg til det reelle nivået me har for bistand?


Les heile debatten