Spørjetimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til fiskeri- og kystministeren

Om kva kvalitetssikringa seier om samfunnsøkonomisk nytte av Stad skipstunnel, og når rapporten blir offentleggjort

Datert: 11.10.2011
Svart på: 19.10.2011 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I eit oppslag i NRK Sogn og Fjordane 10. oktober 2011 blir det vist til at kvalitetssikringa av Kystverket sin siste rapport om Stad skipstunnel er sendt Fiskeri- og kystdepartementet. No viser det seg at det skal lagast nye utgreiingar, og det blir trekt i tvil om båtane vil treffe tunnelen i dårleg ver. Dette blir den 18. utgreiinga om Stad skipstunnel, og dette burde vore klarlagt for lenge sidan.
Kva seier kvalitetssikringa om samfunnøkonomisk nytte av Stad skipstunnel, og når blir rapporten offentleggjort?


Les heile debatten