Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om kva som no er regjeringas syn på surrogati, med bakgrunn i at det i høyringsforslaget om bioteknologilovas straffeansvar ikkje er eit einaste ord som viser at regjeringa har nokon innvendingar mot surrogati, kjønnstesting eller val av eigenskapar ved barn

Datert: 21.11.2012
Svart på: 21.11.2012 av statsminister Jens Stoltenberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Statsministeren og eg har hatt litt motsett utvikling. Det var først etter at eg blei partileiar at eg blei sveitt i nevane av å sjå brøk og prosenttal.
Eg har eit viktig spørsmål til statsministeren. Me ønskjer å ta vare på likeverd og menneskeverd. Det har vore brei politisk einigheit om å verne om nettopp likeverdet for å unngå at menneske blir handelsvare. Regjeringa har vore tydeleg. Regjeringa har rådd norske statsborgarar ifrå å nytte surrogati i utlandet, og statsrådar frå denne regjeringa har òg stilt spørsmål om ikkje surrogati er ein form for menneskehandel.
Men einigheita gjeld ikkje berre surrogati. Bioteknologilova i dag har vern om mange typar av assistert befruktning, mot kloning, mot val av eigenskapar ved barn, mot kjønnstesting av foster, mot ulike genetiske undersøkingar og genterapi.
Likevel har eg behov for å stille spørsmålet: Kva er no regjeringa sitt syn? Helsedepartementet har sendt ut på høyring eit forslag om at bioteknologilovas straffeansvar ikkje skal gjelde for privatpersonar. Det vil seie at surrogati, val av eigenskapar ved barn og kjønnstesting blir lovleg for privatpersonar. I høyringsforslaget er det ikkje eit einaste ord som viser at regjeringa har nokon innvendingar mot surrogati, kjønnstesting eller val av eigenskapar ved barn. På ein stor og vaksande global marknad sel fattige kvinner tilgang til sin eigen kropp. Kjøparane er rike menneske frå vår del av verda.
Spørsmålet mitt til statsministeren er veldig enkelt: Er regjeringa imot surrogati eller ikkje?


Les heile debatten