Spørjetimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Om kva er status og framdrift i utviklinga av eit "supernett" for framføring av elektrisk kraft i sjøkabel langs kysten og til Europa

Datert: 07.02.2013
Svart på: 13.02.2013 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I ein interpellasjonsdebatt som underteikna deltok i 2. februar 2010 var spørsmålet om regjeringa ville ta initiativ til ei utgreiing av eit "supernett" for framføring av elektrisk kraft i sjøkabel langs kysten og til Europa. Dåverande statsråd Terje Riis Johansen svara at han same dagen hadde signert ei erklæring, saman med ni europeiske land, om "Offshore grid development in the North sea".
Kva er Noreg si rolle i dette samarbeidet, og kva er status og framdrift i utviklinga av eit slikt nett?


Les heile debatten